På toppen av Hoven 1000 meter over fjorden har Loen Active denne sommaren opna to splitter nye ziplines som er henholdsvis 125 og 95 meter lange. Her kan du fly over øvste delen på Tungejølet, med utsikt mot hengebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5-10 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange brukar også ziplinene som avslutning etter klatreturen. Ziplinene har start og avslutning på Hoven.