Hotel Loenfjord er eit familiedrive hotell, eigd av Hotel Alexandra, som er opptatt av å sikre ei berekraftig utvikling til glede for våre gjestar, tilsette, lokalsamfunnet og framtidige generasjonar. Klimautfordringane er ei stor og viktig samfunnsoppgåve, og Hotel Loenfjord ynskjer å bidra. Hotel Loenfjord er sertifisert som Miljøfyrtårn.
Miljøtiltak
Dei siste åra har konsernet investert tungt i ny energisentral for å fase ut bruk av fyringsolje. Vi nyttar no kun energi frå fjorden og elektrisitet frå fornybar, lokal vasskraft, noko som resulterer i lavt energibruk og ingen klimagassutslepp.Vår nye energisentral gjev oss fleire miljøgevinstar og vi er stolte av at vi i dag er fossilfri og nyttar kun fornybar energi:
- Ingen klimagassutslepp
- Bruk av varmepumper basert på fornybar energi
- Kjøling ved bruk av sjøvatn. Kjøleenergien i sjøvatn blir overført til hotellet sitt kjøleanlegg ved hjelp av varmevekslar, utan bruk av kuldemedia
- Fjordvarme til oppvarming av hotellet
- Varmegjenvinning
- Sikrare og meir energieffektiv drift av energisentralen
- Energioppfølging
- Elektrisitet vert produsert lokalt, i hovudsak i Innvik
For å spare enda meir energi byter vi i tillegg jamleg ut vindauge og dører i hotellet.
Avdelingane på hotellet har stort fokus på avfallssortering, og sorterer m.a. matavfall, plast, papir, glas og metall. Matavfall blir tørka og redusert med om lag 76%.
I det nye berekraftig vaskeriet er alle vaske- og reingjeringsmiddel svanemerka, og vi unngår lang transport av tøy.
Gjennom vår innkjøpsorganisasjon, Nores, set vi krav til våre leverandørar. Nores krev at alle leverandører og underleverandører har ein aktiv miljøprofil og eit tiltaksprogram for miljø.
Vi følgjer WWF Sjømatguide og Artsdatabanken for norsk fisk og fangst samt norske skaldyr og blautdyr. Vi nyttar berre godkjende berekraftige importerte fisk og skaldyr av sertifiserte importørar.
All skadedyrbekjempelse er giftfri gjennom Anticimex.
24 ladestasjonar for elbilar ved Hotel Alexandra.
Drikkevatn vert henta frå fjella rett bak hotellet.
I tillegg til drift av hotellet engasjerer konsernet seg i andre tiltak som t.d. tilrettelegging av turstiar, spesielt gjennom vårt eigarskap og engasjement i Loen Skylift og samarbeidet med Statens Naturoppsyn om Skåla-stien. Turstiane er tilrettelagt for å kontrollere trafikken, unngå terrengslitasje utanfor stiane, hindre erosjon og legge til rette for meir fysisk aktivitet. Turløyper er eit fellesgode som kjem både lokalbefolkninga og besøkande til gode.
Lokalsamfunnet
Som ein stor aktør i ein liten kommune er det viktig for konsernet å bidra til lokal verdiskaping. Vi arbeider kontinuerleg for å skape og oppretthalde gode og trygge arbeidsplassar, i tråd med gjeldande regelverk som arbeidsmiljølova og tariffavtalar. Dette for å sikre våre tilsette regulerte arbeidsforhold og -vilkår. Gjennom bedriftshelsetenesta tryggjer vi oppfølging og førebygging av sjukdom, og eit aktivt arbeidsmiljøutval.
- Vi støttar lokale frivillige lag og organisasjonar med sponsing, premiar, arrangement og gåver.
- I alle byggeprosjekt nyttar vi stort sett lokale firma, og andre leverandørar vert også hovudsakleg henta lokalt.
- Vi er opptatt av gjenbruk av byggemateriale, møblar og interiør så langt det let seg gjere.
- Vi er opptatt av å bruke gode lokale råvarer som vi kan servere våre gjestar. Dette bidrar til lokal verdiskaping og reduserer transportbehovet. I tillegg er dette noko som gjestane i stadig større grad set pris på.
- Vi er stolte av historia og kulturen vår, og formidlar dette til våre gjestar gjennom mat og drikke, kunst, historieforteljing og formidling av våre rike tradisjonar.
Økonomisk bærekraft
Konsernet er solid og har over mange år har levert gode og stabile resultat. Dette gjer oss i stand til å stadig vidareutvikle produktet, sikre trygge arbeidsplassar og foreta tidsriktige investeringar.
Hotel Loenfjord vart sertifisert som Miljøfyrtårn 27. mai 2022.